|
KrFU har gått ut og kravd ei orsaking frå rektor ved UIB Sigmund Grønmo av di han ikkje kategorisk avfeiar ein mogleg framtidig boikott av apartheidstaten Israel, dersom eit slikt initiativ kjem frå dei tilsette ved universitetet.
Det må vere rekord i kor mykje ein skal legge lokk på, avgrense og vere redd for eit ordskifte. Rektor Grønmo var invitert i eit panel som ordskifta akademisk boikott av apartheidstaten Israel i Studentersamfunnet i Bergen og sa der at slik boikott for tida ikkje er aktuelt men at det er gjenstand for løpande debatt. Han sa vidare at det ikkje er aktuelt for leiinga ved UIB å kome med noko framlegg om dette, om det skal verte aktuelt må det kome eit initiativ frå dei tilsette.
Det luktar ikkje godt av dei argumenta KrFU sit på i eit eventuelt ordskifte kring akademisk (og annan) boikott av apartheidstaten når dei er såpass redde for berre moglegheiten av at eit slikt ordskifte kan kome. Det kan vere nærliggande å seie at dette utspelet, som freistar å stenge for eit framlegg som enno ikkje ligg på bordet, er eit godt argument for å sjå nærare på ein boikott.
Vi reknar med at dei aller fleste ikkje deler KrFU sin angst for eit ope ordskifte og heller vil vere med på å ta eit slikt ordskifte, i ei så viktig sak som dette, på alvor. Vi vil ynskje velkomen eit framlegg om akademisk boikott av apartheidstaten Israel og ser fram til å ta del i ordskiftet kring dette saman med andre engasjerte folk som ikkje er redde for eit ope ordskifte.
Kommunistisk Gruppe går inn for ein omfattande boikott av apartheidstaten Israel, det er på høg tid verdssamfunnet grip inn i den desperate stoda palestinarane lev under sjølv om media ikkje pregast av bombefly over Gaza. Framleis er det omfattande blokade og umenneskelege tilhøve i Gaza og ein illegal okkupasjon av Palestina finn framleis stad. Vi må følgje oppmodinga frå det palestinske folket og sette i verk ein omfattande boikott.
|