Heim

Siste innlegg frå forumet:

More...


Arkiv

Fredspris til verdas største krigshøvding PDF Skriv ut E-post
Skrive av proletar   
fredag 09. oktober 2009 14:20

Krig for fred?USA sin president, Barack Obama, vart fredag 09. okt. kunngjort som vinnar av årets Nobels fredspris, det er i seg sjølv ei skandale. Obama er, som president i USA, verdas største krigshøvding, og ei av hans viktigaste oppgåver i timane etter kunngjeringa er å auke styrkane som driv okkupasjon i Afghanistan.

 

At ein skal få verdas kanskje høgast hengande (freds)pris av di ein, som mange kommentarar på veven slår fast, ikkje er George Warrior Bush, men lovar fred og grøne skogar for verda er i beste fall fantasilaust og trist. Dei aller fleste politikarar lovar både dette og hint, men det dei skal dømmast på i historia er kva dei oppnår, og faktisk gjer, ikkje på fagre løfter.

 

Vel så skuffande for mange i norsk fredsrørsle må det vere at mest ingen parti tek til motmæle i høve denne tildelinga. Med unntak av Raudt, og Raud Ungdom er det påfallande semje om at dette har vore ei modig og viktig tildeling. Sjølv det sjølvpåståtte fredspartiet SV (som gjekk til val på å hente soldatane heim frå Afghanistan) er ute og stør tildelinga. ”Dette er en spennende og interessant prisutdeling” seier Erik Solheim, minister og sjuande far i SV-huset.

 

Media har fått med seg at FRP og Høyre er skeptiske til tildelinga, men det er jo mest av di dei stør republikanarane, og argumentasjonen er at prisen kjem ”for tidleg” og ikkje at den går til ein krigshøvding. Dei diskvalifiserar som vanleg seg sjølve frå det konstruktive ordskiftet som alle fredsaktivistar no må ta del i.

 

Denne tildelinga, som mange vanlege folk reagerer på (om dei er for eller mot krigen i Afghanistan) bør nyttast til å skape kveik i fredsorganiseringa i Noreg og løfte fram ordskiftet om imperialsimen og den krigskulturen den fører med seg. I haust og vinter bør ordskiftet dreie seg om å få på beina ein varig og sterk organisering av aktivt fredsarbeid i Noreg.

Kommentarer
Legg til Sřk
Murat 2009-10-09 23:56:10

Syntes ikke kommunister skal jobbe for "organisering av aktivt fredsarbeid i Noreg."

Istedet må vi bygge opp en antiimperialistisk front som solidariserer seg med frigjøringskampene i Afghanistan og Irak.

Å skrike ut om fred i vilden sky blir slag i blinde som ikke svekker imperialismen. Bare væpna kamp og solidaritet kan sette en stopper for de reaksjonære krgene.
proletar 2009-10-10 23:54:43

Hei

Klart skal vi bygge ein antiimperialistisk front! Ein retteleg svær ein! Det må til, også i Noreg, som kan kjempe mot Noreg sin imperialistiske politikk. Ein må ikkje blande fredsarbeid, og fred, med pasifisme, eller oppmoding/støtte til pasifistisk motstandsarbeid.

Ei stor fredsrørsle i Noreg kan vere ei antiimperialistisk kraft, men vil ikkje vere det automatisk. Det kan fort utvikle seg tannlause fredsorganisasjonar som ikkje tek stilling, og som ikkje har skarpe nok liner mot t.d. den norske imperialismen. For at ei fredsrørsle skal verte skikkeleg kraftfull, og evne å reise ein kritikk, og massiv motstand mot, imperialismen må nok kommunistane ta ei leiiande rolle.

Dette er viktig diskutere, og det er alltid rom for å vere klarare i formuleringar og mål. Eg er heilt samd i at ein ikkje berre kan skrive "fred" på ein plakat og stille seg opp på gata, og vente forandring. Men eg meiner Lennon og Ono sin bodskap "War is over" i store bokstavar med "if you want it" i lita skrift under har noko for seg.

Vi må samle mange folk, ein oppegåande fredsorganisasjon med gode analysar og rette parolar kan samle mange i Noreg. Kan gjere det, men det krev innsats. Og ein slik organisasjon kan skape mykje større grobunn for skarp og rett kritikk av imperialismen hjå langt fleir enn ein når ut til i dag.

Eg meiner vi treng organisering mot "kjendiskrigane" i dag (Afghanistan og Irak) men òg organisering mot imperialismen sin krigføring på meir generelt grunnlag, så ein ikkje må dra i gang nye frontar for kvar nye krig. Vi må syne til at imperialismen fører til krig, og vere mot den krigen før han kjem til aktuelle land, slik at vi er klare kvar gong ein ny bryt ut.
Bjarte 2009-10-10 10:24:37

Syns dette er en veldig streng vurdering av proletars innspill. Jeg tolker dette helt klart som et anti - imperialistisk initiativ. At proletar skulle være imot væpna kamp mot imperialismen, anser jeg for helt usannsynlig.
Astrid 2009-10-10 18:39:10

Tykkjer det er heilt "Kafka" at Obama får fredsprisen, sjølv med adresse frå det imperialistiske USA-venlege Noreg.

- Obama er sjølvsagt sjef for den diverre stadige kapitalistiske høgborgen. Pr definisjon vert han såleis sjefsskurken i verda.

- Dertil kjem at han ikkje har vore på scena særleg lenge, slik at jamvel støttespelarane hans må tykkje det er litt pinsamt at han får fredspris før han har gjort noko som helst.

Fredsprisen har ofte vore i diskreditt. Mange skurkar har fårr prisen før. Det er likevel ekstra hånleg mot all verdas folk å gje prisen til ein så tydeleg imperialist. USA er den verste imperialisten. Dette seier diverre ikkje så lite i dag.

Når det gjeld ordet fredsarbeid, tykkjer eg vi må vurdere frå stode til syode, kva ord vi vil bruke. Ordet "fred" har og vore i miskreditt. Uansett er eg samd i at denne prisutdelinga sikkert vil kunne mobilisere eit visst sinne blant antiimperialistar, folk som er mot imperialistiske krigar. Hugs kor mange som gjekk i tog mot krigsstarten mot Irak.
Svært mange er mot det imperialistiske USA, jamvel dei som ser ulikt på systemet der enn oss.

Vi bør seie klårt frå om korleis vi tolkar imperialismen nett no...


JanW 2009-12-05 10:08:16

Beslutningen fra Nobelkomiteen om å tildele president Obama årets fredspris forteller mer om mannen Torbjørn Jagland og høyresiden i Arbeiderpartiet enn om den amerikanske presidentens gjøren og laden.
Alle som kjenner den nyere historien, vet at DnA bestemte seg for en strategisk allianse med den amerikanske imperialismen etter fredsslutningen i 1945, og at de stod bak Norges raske innmelding i NATO i 1949.
Selv personer som ikke er kommunister i det hele tatt, men har sansene åpne, ser at De Forente Stater er direkte involvert i krigene i Irak og Afghanistan, at de indirekte støtter krigen i Wajiristan i de nordvestlige delene av Pakistan, og at de antagelig alt har grovskissen klar for et eventuelt angrep på Den Islamske Republikken Iran.
Uansett hvor kultivert og personlig sympatisk Obama er, i motsetning til sin forgjenger, er de begge representanter for borgerklassen og det militær-industrielle kompleks i De Forente Stater. Det er handlingene som teller, ikke erklæringer om intensjoner.
Nå skal han altså tildeles prisen den 10.desember i Oslo, samtidig som USA og NATO har vedtatt å sende minst 35 000 nye soldater til Afghanistan. Obama burde studere i dybden erfaringene fra krigen i Vietnam, og få seg et eksemplar av general Nguyen Vinh Giap bok "Folkets krig" - så vil han kunne fatte at inntrengernes krig i Afghanistan er dømt til nederlag. Dessverre vil mange tusen unge menn og kvinner på begge sider, samt mange sivile, dø innen de fremmede, som ikke er ønsket i Afghanistan, trekker seg ut med halen mellom beina.
Derfor blir det demonstrasjon fra Jernbanetorget torsdag den 10desember klokken 18.00. Dette blir den viktigste politiske markeringen i Norge i desember, og vil, med Lenins ord, bli en gradmåler på arbeiderklassens, ungdommens, studentenes og de intellektuelles politiske modenhet og klarhet. Obama vil få merke at det finnes andre nordmenn enn pudler, medløpere til krigsforbrytelser og medlemmer av det æreløse og perspektivløse arbeideraristokratiet.
Skriv kommentar
Navn:
Email:
 
Website:
Tittel:
UBBKode:
[b] [i] [u] [url] [quote] [code] [img] 
 
:angry::0:confused::cheer:B):evil::silly::dry::lol::kiss::D:pinch:
:(:shock::X:side::):P:unsure::woohoo::huh::whistle:;):s
:!::?::idea::arrow:
Please input the anti-spam code that you can read in the image.
Sist oppdatert torsdag 15. oktober 2009 12:23
 
Fri bruk © 2010 Kommunistisk Gruppe. Spre fritt dei gode tekstane etter lisensen under.
Joomla! er fri programvare publisert under GNU/GPL License.
Creative Commons License Visit the Free Software Directory Visit the Campaign to eliminate DRM Boikott Israel! Folkeaksjonen oljefritt Lofoten og Vesterålen Hent soldatane heim! Åpen kjeldekodeinitiativet 8. mars i Bergen - kvinnefestivalen
Vevsida til Kommunistisk Gruppe av Kommunistisk Gruppe er lisensiert under en Creative Commons Navngivelse-Ikkekommersiell-Del på samme vilkår 3.0 Norge Lisens.