|
Skrive av KG
|
|
torsdag 01. oktober 2009 16:21 |
|
Bli med på studiesirkel i kommunistisk teori! Vil du vere med på studiesirkel? Kontakt oss på mobilnr. 98869058 eller på
Denne e-postadressa er verna mot program som samlar e-postadresser. Du må aktivere JavaScript for å kunne sjå adressa
Kommunistisk Gruppe har starta ein ny studiesirkel i Bergen, for alle som vil vere med å lære meir om kommunistisk teori og diskutere dette saman med oss. Ein treng ikkje vere tilslutta for å delta, berre eit ynskje om å lære meir og diskutere saman med kameratar.
Aner du at det ikkje er nok med dagskamp, reformjobbing og einskildsaker?
Er du med på at det er sjølve det imperialistiske systemet som øydelegg, utbyttar og ureinar jorda? Antikapitalisme er ikkje nok! Vi må sjå heilskapleg på verda. Kommunistisk gruppe startar opp studiesirkel for alle interesserte.
-- Kva er historisk materialisme? -- Kor viktig er dialektikk? -- Kva må til for å oppnå full kvinnefrigjering? -- Kva er eigentleg motseiinga mellom arbeid og kapital? -- Alle kan sjå at kapitalismen ureinar jorda og alt liv der. Kva seier dette oss? -- Imperialismen drep, rår og utbyttar. Kva vil vi gjere med det? -- Og kva meiner vi eigentleg med revolusjon? -- Innblikk i kommunistisk historie er heller ikkje dumt å få med seg. Vi treng å lære av historia.
Dette og mykje meir, på studiesirkel med Kommunistisk Gruppe i Bergen. Vi er sjølvstendige tenkjande menneskje, og vi er kommunistar. Høyrest noko av dette interessant ut? Kom på infomøte om studiesirkelen på onsdag 21.oktober kl.18.00 på BIKS, Kong Oscarsgt.15 (Tidlegare Fensal). Ta gjerne kontakt med oss for spørsmål her eller på
Denne e-postadressa er verna mot program som samlar e-postadresser. Du må aktivere JavaScript for å kunne sjå adressa
Arrangør: Kommunistisk Gruppe (ei uavgengig gruppe)
|
|
Sist oppdatert søndag 08. november 2009 10:51 |