|
Heller ikkje ved det borgarlege stortingsvalet i 2009 vart det mandat til revolusjonære. Samlingspartiet Raudt hadde von om mandat frå Oslo og etter kvart ein frå Hordaland. resultatet syner at den siste berre kom halvvegs, og Oslo mangla over 1000 røyster.

Raudt sin vonlause strategi for å kome på tinget i år, som ein garanti for ”raudgrønt” sosialdemokrati, måtte slå feil. Kanskje kunne ein oppnådd eit mandat, eller to om ein var rett så heldig. Men det er ikkje ein strategi for å vinne folket.
Men kampen for revolusjon, for eit nytt samfunn, for kommunismen er ikkje svekka. Ingen revolusjonære har ramla ut av tinget. Etter dette valet bør det vere enno tydelegare at revolusjonen ikkje kjem gjennom borgarleg val og at det trengst organisering utanom parlamentet for å vinne fram i kampen om morgondagen.
Det trengs eit parti som er eit skikkelig godt reiskap for arbeidarklassen. I Noreg, og internasjonalt. Det må vere enno tydelegare for mange fleir at vi treng eit kommunistparti i Noreg igjen!
Vi i KG er ein del av den rørsla som no legg grunnlaget for eit slikt parti. Vi ynskjer alle kameratar velkomne til å bli med oss. Vi ynskjer alle som vil studere, diskutere og utvikle aksjonsfellesskap saman med oss velkomne.
Vi har eit lengre perspektiv enn eit borgarleg val, men på vegen dit kjempar vi saman med folk i viktige kampar i dag. Det er med på å utvikle oss og etter kvart kommunistpartiet.
Raudt på tinget kunne på kort sikt vore ein reiskap i viktige einskildsaker og for nokre frontar. Men framtida til den revolusjonære rørsla og morgondagens samfunn, kommunismen, er ikkje knytt til mandat eller ikkje for samlingsvalpartiet Raudt.
No må revolusjonære samle seg, diskutere og organisere for framtida sitt klasselause samfunn. No må vi bygge for eit nytt og sterkt kommunistparti.
|