|
Då har vi fått sjå den "nye" regjeringa Stoltenberg, og det var vel ikkje mykje å hoppe i taket for.
DNA posisjonerar seg for å vinne aleine i neste omgang, og det er utnemnt mange nye og ny-gamle folk til forskjellige posisjonar, og det er kommet ein del nye postar. Eg vil berre kome med nokre kjappe tankar umiddelbart, for min eigen del.
At det er 50% kvinneandel kan vel diskuterast, Greta Faremo t.d. er vel gjerne ein Høgremann i forkledning, og at nett ho no får dette departementet lover ikkje godt for Noreg si rolle internasjonalt. Vi har no fått ei hard jerndame som krigsminister, og eg gler meg ikkje på vegne av dei mange som ynskjer fredsarbeid heller enn krigsarbeid. Det fine er kanskje at det vil vere lettare å få fokus på krigen, og også til fredsarbeidet, og vi får ein minister som ikkje kjem til å legge til i mellom og som det gjerne er lettare å gå imot.
Eg er vidare skeptisk til ein fiskeriministar med bakgrunn frå NHO, oppdrettsnæringa (m.a. som medeigar i Sinkaberg-Hansen AS) og som styremedlem i Aker Seafoods (i følge wikipedia). For den som kjenner til korleis oppdrettsnæringa legg fjordar aude langs kysten, og driv langt over grensa både i høve miljøet og andre ting så er det lite oppløftande. Lisbeth Berg-Hansen som er ny fiskeriministar sitt selskap Sinkaberg-Hansen, er m.a. meldt til politiet for rømt oppdrettslaks.
Det minste lille glimt av ljos i denne utnemninga må vel vere at utnemninga av Rigmor Aaserud som fornyings- og kyrkjeminister fører den unge og, hittil, ihuga EU-motstandaren Stine Renate Håheim inn på stortinget som vara frå Oppland. Det er eit rimeleg lite glimt, Håheim er ein av toppane i AUF, men det er von om at ho kanskje kan kome med nokre friskare utsegner enn andre på tinget. Dette siste er inkludert den nye varaen frå Hordaland (for ny minister Lysbakken), Gina Barstad.
Jaja, det var nokre kjappe tankar. Det lover ikkje godt for nye, og i alle høve ikkje positive, endringar for arbeidsfolk i Noreg. Her er det meir av det same, og det ligg an til forverring på krigspolitikk og eg er, igjen, svært skeptisk for fiskerinæringa. |