Heim Forum: fritt ordskifte Generelt Når kommunistar samlar seg til organise...

Siste innlegg frå forumet:

More...


Arkiv

 Fritt ordskifte
Welcome Guest   [Register]  Logg inn
 Subject :Når kommunistar samlar seg til organisering no for tida..... 2009-09-07 12:57:46 
Astrid
i oppvarming
Joined: 2009-08-12 19:14:07
Posts: 13
Location
... då er det masse vi må vere obs på. :) For det første er i heldige, - som kan vurdere, lære av, lese, forstå og sjå på kva kommunistar har gjort før oss opp gjennom historia. Vi kan vurdere kva dei har gjort som var lurt og kva som var temmeleg dumt. Og vi kan meine nett kva vi vil, når det gjeld å finne ut kven som var "verkelege kommunistar" og kven som berre kalte seg det. Korleis vi ser på historia har sjølvsagt mykje å gjere med kor mykje historie vi kan. Men det har og alltid mykje å seie kva "skule" vi kjem frå, kva tradisjon og kommunistisk retning vi kjem frå. - Eller sjølvsagt, det som gjeld for dei fleste unge som ikkje kjem frå nokon spesiell kommunistisk retning i det heile; - for dei kjem det an på kva dei har lært frå før, kva dei har høyrt, kven dei har trudd på og korleis dei analyserer alt dei les, ser og høyrer. Erfaringa mi er at vi er mange her i landet som ser litt ulikt på det vi kan kalle dei kommunistiske tradisjonane, historia til kommunistane, frå lat oss seie, Marx og Engels` skrifter frå midten av 1800-talet og fram til i dag. Eg tykkjer det hadde vore bra om vi samla oss, vi som tykkjer kommunisme er bra, vi som meiner det er på tide verda får oppleve kommunisme, det klasselause samfunnet. Då må vi diskutere i lag, og dessutan godta at vi har ulik bakgrunn. Synet på dei ulike delane av historia må vi sjølvsagt diskutere, og det er spennande å freiste forstå kva kameratar* har prøvd seg på tidlegare. - Når vart Sovjet noko dårleg? - Kva med dei såkalla klasikarane? - Korleis oppsummerer vi dei ulike revolusjonane? - Når gjekk det skeis i Kina? - Kva med Cuba? -Kvifor vart kvinnekampen aldri bra nok i så mange av forsøka? - Kva med klima, miljø, religion, filosofi? Vi er gjerne samd om eit hovudgrunnlag, men vi vil og må stadig diskutere hovudgrunnlaget. Noko er ekstra viktig akkurat no: - Å kunne seie meininga si fritt! Vi veit at her har folk som har kalla seg kommunistar før synda, og for all del, mellom borgarlege tradisjonar har dei ofte vore endå meir mot frie ord/ordskifte og diskusjonar. Men at ein skal kunne seie meininga si fritt er førestnad for utvikling. Ei leiing som ikkje vil ha diskusjon er ikkje mykje kommunistisk! Og då meiner eg reell diskusjon, ikkje berre skinndiskusjonar der alle snarast må forte seg å bli einige med leiinga. (Om de lurer, så ja; - dette er mynta på ein del andre organisasjonar av i dag og "i går".) Vi må bruke det kloke, lure, som teoretikarar/kommunistar har utvikla tidlegare. Og vi må sjå det i samanheng med tida vår no. No ser vi t.d. korleis profittsystemet øydeleggjer jorda, øydeleggjer klima og miljø. Då må vi utvikle teorier knytt i hop med kommunistisk tankegods når det gjeld dette, bruke oss sjølve i dag. Kvinner har ein tendens til å verte meir og meir proletariserte. Dei/vi har stor interesse av eit klasselaust samfunn. Dette skal vi lage meir teori om, som er knytt opp til den tradisjonelle kommunistiske teorien, men som likevel skal fornyast og vidareutviklast! Bli gjerne med på noko av dette! Kast deg ut i ordskiftet! Vi byggjer no ei ny kommunistisk rørsle her i landet! :) Lag gjeren ulike kommuistiske grupper andre stader i landet, og eg vil sjølvsagt oppmode til samarbeid med oss i Kommunistisk Gruppe. (Og orsak, orsak. det såkalla TF er ikkje noko alternativ. Veldig synd, men dei har ei rigid leiing som er så glad i å bestemme over andre. Dei driv med reine Stailn-hyllinga på eit tvilsamt grunnlag. - At Stalin stod for mykje heroisk og bra kan ikkje bety at vi må svelgje og forsvare dei dikattoriske og likvidatoriske sidene hans. Miljø er bokstaveleg talt dødsviktig. Men i TF greier dei visst ikkje bestemme seg for om atomkraft eller eit natur og dyr/rovdyrvern ein gong. Så har dei og ein taktikk som går ut på å isolere seg fullstendig. Akkurat det tykkjer eg jo er greitt no. jaja... ) --- *kameratar ---Eg sette stjerne bak dette ordet over. Det er fordi eg brukte ordet som ein del av ein kommunistisk terminologi. For unge og nye kan det vere greitt å vite at det finst ganske mykje tradisjonell kommunistisk terminologi. Ein del av dette er bra tradisjonar med dekkande omgrep og ord. Ein er litt gammalmodig og unorsk. - Utan at det treng vere noko gale i det. Eg freistar bruke ei blanding. Deter jo ikkje vits i å snakke slik at dei fleste ikkje skjønner kva eg meiner. men noko av terminologien kan vidareførast og forklarast. Ordet , kamerat, vert brukt om andre kommunistar. Det er eit fint ord. Dilemmaet kan vere at nokre assosierer det kun med menn. Slik er det ikkje meint. Men der mange oppfattar det slik, bør vi bruke eit anna ord. (Kva tykkjer du??) :)
IP Logged
Last Edited On: 2009-09-07 12:57:46 By Astrid for the Reason
:star:
 Subject :Re:Når kommunistar samlar seg til organisering no for tida..... 2009-09-07 12:56:00 
Astrid
i oppvarming
Joined: 2009-08-12 19:14:07
Posts: 13
Location
--Eg hadde skrive dette meir leseleg, med masse mellomrom og luft. Skjønner ikkje kvifor det kjem i ein stor sekk... :( ..hm..
IP Logged
Last Edited On: 2009-09-07 12:56:00 By Astrid for the Reason
:star:
Side # 


Powered by ccBoard


Fri bruk © 2010 Kommunistisk Gruppe. Spre fritt dei gode tekstane etter lisensen under.
Joomla! er fri programvare publisert under GNU/GPL License.
Creative Commons License Visit the Free Software Directory Visit the Campaign to eliminate DRM Boikott Israel! Folkeaksjonen oljefritt Lofoten og Vesterålen Hent soldatane heim! Åpen kjeldekodeinitiativet 8. mars i Bergen - kvinnefestivalen
Vevsida til Kommunistisk Gruppe av Kommunistisk Gruppe er lisensiert under en Creative Commons Navngivelse-Ikkekommersiell-Del på samme vilkår 3.0 Norge Lisens.